|
Hva skjer?
| | ma | ti | on | to | fr | lø | sø |
|---|
| 30 | 31 | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 | | 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 | | 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 | | 27 | 28 | 29 | 30 | 1 | 2 | 3 | | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 |
Har du en sak til behandling?
Skriv inn navnet ditt her og trykk på Søk
|
|
|
Alt plan- og oppmålingsarbeid, kart- og byggesakshandsaming vert utført av teknisk forvaltning. Tenestestaden utfører også kommunen sitt arbeid innan natur og miljø, landbruk og plandelen av idrettsarbeidet.
Brannvesenet høyrer også til teknisk forvaltning.
Teknisk forvaltning
I samsvar med plan- og bygningslovas §§ 12-3, 12-8 og 12-9 vert det med dette varsla om at Odda kommune set i gang arbeid med detaljregulering for ny tomt til Skare barnehage.
Søknadane gjeld for Odda, Ullensvang, Eidfjord og Ulvik.
Søknadsfrist 31. mai 2010.
Informasjon om rovviltoppgåvene til Statens naturoppsyn og oppdatert telefonliste på rovviltkontaktar (RVK) i Hordaland og Sogn og Fjordane
Odda kommunestyre vedtok i sak 028/10 at forslag til revidert reguleringsplan for fritidsidsbustader på del av gnr. 40 bnr. 2,4 m.fl. Reinsnos skal leggjast ut til nytt offentleg ettersyn.
Det kan søkjast om tilskot frå Odda viltfond til viltrelatert arbeid i kommunen. Retningsliner for søknad og for fondet finn du her eller ved å kontakta kommunen.
Hardanger Consult AS varslar oppstart av arbeid med detaljregulering for etablering av kjøpesenter på deler av smelteverkstomta sør i Odda, etter § 12-8 og 12-9 i Plan- og bygningslova
Mattilsynet avslutta sin lokale beredskapsvakt den 4. januar 2010. Ein kan kontakta mattilsynet på tlf. 06040. Her vil ein etter arbeidstid nå ein automatisk telefonsvarar som opplysar om etatar som kan hjelpa i samband med dyrehelse, dyrevelferd, mat og drikke.
Norsk Landbruksrådgiving Hordaland startar opp autorisasjonskurs for kjøp og bruk av plantevernmidlar. Kursa gjeld både for dei som skal ha bevis for fyrste gong, og for dei som skal fornya bevisa sine.
Fylkesmannen i Hordaland har den 12.11.2009, vedteke forskrift om utviding av hjortejakt for ein del kommunar i fylket. Odda kommune fekk ikkje forlenga jakta i 2009.
I samband med utarbeiding av områdeplan for Røldal, vert det avhalde informasjonsmøte tysdag den 10.11.09
Odda kommunestyre har vedteke reguleringsplan for Sjurasvingen i Håradalen
Utviklingskomiteen har i samsvar med plan- og bygningslovas
§ 12-10 vedteke at følgjande reguleringsplanar skal sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn:
- Torekoven hyttefelt
- Myklastølshaugane
På oppdrag frå Miljøverndepartementet er det sett i gang arbeid med ein fylkesdelplan for villreinens leveområde på Hardangervidda
I samsvar med plan- og bygningslovas §§ 12-2 og 12-9 vert det med dette varsla om at Odda kommune set i gang arbeid med områderegulering for Røldal.
Odda kommune har no starta opp arbeidet med viltkartlegging i kommunen.
Med heimel i § 28-2 i plan- og bygningslova har Odda kommunestyre vedteke følgjande reguleringsplanar:
- Vetlebekken bustadfelt
- Steinbrudd med tilhøyrande adkomstveg Valldalen
Det faste utval for plansaker i Odda kommune (Utviklingskomiteen) har vedteke at reguleringsendring for Almerket og reguleringsplan for fritidsbustader på Gnr.40 Bnr. 2 og 4 Reinsnos skal leggjast ut til offentleg ettersyn.
Det vert arrangert opent møte om villreinens leveområde på Hardangervidda i Røldal grendahus torsdag 18.06.09 kl 19:30.
Søknad om motorferdsel innan Hardangervidda nasjonalpark for sommarsesongen 2009.
Søknadane gjeld for Odda, Ullensvang, Eidfjord og Ulvik.
Søknadsfrist 31. mai 2009.
Laurdag den 25. og sundag den 26.april vert det avhalde gevirutstilling for hjort, elg, rein og rådyr på Hardanger Folkehøgskule.
Torsdag 23.april vert det arrangert hjortemøte for region Hardanger på Hardanger Folkemuseum på Utne.
Interimstyret inviterer til skipingsmøte på Grendahuset onsdag 22.april kl.19:30.
I samsvar med plan- og bygningslova § 27-1.1 vert det med dette varsla om oppstart av arbeid med å endre gjeldande reguleringsplan for Almerket.
Forslag til reguleringsplan for Vetlebekken Bustadfelt i Skare er no lagt ut til offentleg ettersyn.
Odda kommunetyre har vedteke ny reguleringsplan for
"RV.13 Meierisvingen"
Sørlandskonsult melder om oppstart av privat reguleringsplanarbeid for Gnr. 18 Bnr. 47 på Liamyrane i Røldal
Odda kommunestyre har godkjent konsekvensutgreiing (KU) og kommunedelplan for Ev.134 Vågsli - Røldal - Grostøl
Odda kommunestyre har godkjent reguleringsplanen for Smelteverkstomta Sør
Det faste utval for plansaker (UTK) vedtok i møte den 01.10 at forslag til reguleringsplan for Vikås hyttefelt og Øvlandstølen skal leggjast ut til offentleg ettersyn.
Utviklingskomiteen har godkjent bebyggelsesplan for Håradalen Fjellandsby
Det faste utval for plansaker i Odda kommune, Utviklingskomiteen (UTK), vedtok i sak 064/08 at revidert forslag til reguleringsplan for Smelteverkstomta Sør skulle leggjast ut til offentleg ettersyn.
Asplan Viak har gjennomført ein stedsanalyse for Odda smelteverk. Analysen skal bidra til at Oddas kulturhistoriske kvalitetar og potensiale vert ivaretatt og aktivert som fellesgode i byutviklinga. Analysen munnar ut i eit konkret forslag til løysing på smelteverkstomtas utfordringer. Les den her!
Det faste utval for plansaker i Odda kommune vedtok i møte den 02.04.08 at forslag til reguleringsplan for steinbrot Valldalen med tilhøyrande adkomstveg skal leggjast ut til offentleg ettersyn.
Det faste utval for plansaker i Odda kommune vedtok i møte den 27.02.08
at forslag til kommunedelplan med tilhøyrande konsekvensutgreiing (KU)
for E134 Vågslid-Røldal-Grostøl skal leggjast ut til offentleg ettersyn.
Odda kommunestyre har godkjent reguleringsendring for 4 nye bustadtomter på Gryting i Røldal.
Odda kommunestyre har godkjent ny reguleringsplan for Bråstøl.
Odda kommunestyre har vedteke ny arealdel av kommuneplanen for Odda.
I samband med stadanalyse for Røldal vert det arrangert folkemøte i grendahuset tysdag 5/2 kl.18:00
Det faste utval for plansaker i Odda kommune, Utviklingskomiteen, vedtok i møte den 5.desember at forslag til bebyggelsesplan for Håradalen Fjellandsby skal leggjast ut til offentleg ettersyn.
Jon Strand fekk overrekt Kulturlandskapsprisen av fylkesmann Svein Alsaker på Vasstun gjestehus onsdag 24. oktober.
Det er tolvte gongen prisen vert delt ut, og andre gongen den går til Odda.
Utviklingskomiteen, det faste utval for plansaker i Odda kommune, vedtok i møte den 17.oktober at forslag til reguleringsplan for Sjurasvingen i Håradalen skal leggjast ut til offentleg ettersyn. Evt. merknader må sendast til Odda kommune innan 10.12.2007.
Odda kommunestyre har godkjent reguleringsplan for nytt hyttefelt på Vintertun.
Med heimel i § 27-2 i plan- og bygningslova, har Odda kommunestyre i møte den 20.06.07 i OK-sak 048/07 godkjent reguleringsplan for nytt bustadfelt på Gnr.38 Bnr.4 i Skare.
Planområdet er på ca 15,3 da, og ligg ved Fv.100 i Skare. Området er i hovudsak regulert til byggeområde for bustader. Planen legg til rette for 12 nye bustadtomter.
Det faste utval for plansaker i Odda kommune, Utviklingskomiteen, vedtok i sak 080/07 at forslag til reguleringsendring for deler av Gnr. 23 Bnr. 7 og 84, Gryting i Røldal, skulle leggjast ut til offentleg ettersyn.
Hydro Olje & Energi melder med dette om oppstart av reguleringsplanarbeid for uttak av stein til opprusting av Dam Valldal
Utviklingskomiteen (det faste utval for plansaker i Odda kommune) vedtok i møte den 06.06.2007 at forslag til reguleringsplan for Smelteverkstomta skulle leggjast ut til offentleg ettersyn.
Forslag til reguleringsplan for nytt hyttefelt på Vintertun til offentleg ettersyn.
Utviklingskomiteen (Det faste utval for plansaker), har i sak 029/07 i møte den 21.02.2007 vedteke at forslag til reguleringsplan for nytt bustadfelt i Skare skal leggast ut til offentlig ettersyn i samsvar med reglane i 27-1.2 i Plan- og bygningslova.
Frist for å kome med merknader er satt til 06.04.07.
Odda kommune har inngått avtale med Indre Hardanger Ettersøkshundklubb om ettersøk etter skada vilt.
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
|
|
Teknisk forvaltning
|
|
Besøksadr. Røldalsvegen 43, Brannstasjonen
|
|
Opheimsgt. 31
|
|
5750
ODDA
|
 |
|
Telefon
|
:
|
53 65 40 00
|
|
Faks
|
:
|
53 65 46 01
|
|
|