Hva skjer?
mars 2010
mationtofr
22232425262728
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930311234
Kommende hendelser
Kjøp billett
E-billett/kinoprogram E-billett/kinoprogram
Har du en sak til behandling?
Skriv inn navnet ditt her og trykk på Søk
Lag og organisasjoner
Lag og organisasjonar OversiktPålogging
Odda.kommune.no >> Forside
Mens vi ventar på litteraturhus
På ”Mens vi ventar på Bokbadet” vil hordaskaldane Lars Ove Seljestad og Erlend O. Nødtvedt gå kvarandre i stevne med norrøn-inspirert lyrikk saman med hardingfelespelar Siri Dyvik.
Denne kvelden får publikum også møte den prisløna novellisten og romanforfattaren Annette Mattsson frå Bergen. Mattsson debuterte med novellesamlinga ”Fotografiet” i 1997, og har sidan skrive både romanar, novellesamlingar og barnebøker. I den siste novellesamlinga, ”Holde fast”, skildrar ho eit foruroligande mørke i kvardagsnære situasjonar som til dømes ein joggetur i ruskevær, eit ultralydbilete som ikkje er heilt som slike bilete skal vere, eit barn som forsvinn på kjøpsenter, ei framand lukt som slår ut av hyttedøra.

Erlend O. Nødtvedt frå Bergen debuterte i 2008 med diktsamlinga ”Harudes”, og same år fekk han Ung Poesi-prisen under Ulvik Poesifestival. Tittelen ”Harudes” viser til sagnet om dei germanske hordane som skal ha gitt namnet til Hordaland fylke. ”Harudes” inneheld svært musikalske og dynamiske dikt, der vestlandsnatur og diktoppsett fell saman, til dømes fossefall og ((j)ord)ras). Dikta gir assosiasjonar til Olav H. Hauge og Øyvind Rimbereid, Wagner, germanske og norrøne mytar.

Lars Ove Seljestad frå Odda brakdebuterte med romanen ”Blind” i 2005. I 2007 kom ”Bastard”, eit essay om klassereise. I 2009 kom romanen ”Frægd”, som er det norrøne ordet for ære. I denne romanen møter vi tre generasjonar menn frå ættegarden Hovland i Hardanger. Boka er ei saftig blanding av epledyrking, kraftindustri og oppvekstforteljing. Her møtes norrøne kvad amerikansk rap, rallarliv og industrihistorie møter griseslakt og eplehausting.

Siri Dyvik er lege og tradisjonsspelemann frå Hardanger, fødd og oppvaksen i Odda, busett i Haugesund. Dyvik begynte i lære hos Olav Kvammen og har seinare gått i lære hos Lars Velure, Anders Kjerland og Håvard Kvanndal. I 2005 gav ho ut cd-en ”So va da gjort”. Dyvik har lang erfaring med opplæringsarbeid og er i dag musikalsk leiar i Haugesund spelemannslag.
Dato : 18.03.2010
Tid : 19:00 - 21:00
Arrangør : Litteratursymposiet
Sted : Smelt kafé
Billettpris : 50
Mer informasjon : Litteratursymposiet
Kontaktinformasjon
_
_
Odda kommune
Besøksadr. Rådhuset
Opheimsgata 31
5750  Odda
 
E-post : epost@odda.kommune.no
 
 
Telefon : 53 65 40 00
Faks : 53 65 40 51
Org.nr. : 964 967 814
Kontonr. : 3658.07.50022
Kommunenr. : 1228
Snarveier
Snarveier NæringPolitikkTuristBibliotekPlan
 
Snarveier
  • Legg til favoritter
Været fra yr.no
Værmelding Været fra yr.no